Nyman, Eva, Jörgen Magnusson og Elzbieta Strzelecka (red.), 2014: Den heliga platsen.
PDF

Hvordan referere

Heide, E. (2017). Nyman, Eva, Jörgen Magnusson og Elzbieta Strzelecka (red.), 2014: Den heliga platsen. NAMN OG NEMNE, 33. Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NON/article/view/1339

Sammendrag

Boka inneheld artiklar utvikla frå føredrag på eit symposium ved Mitt-universitetet i Härnösand i september 2011. Forfattarane representerer religions-vitskap, arkeologi, folkloristikk og namnegransking, slik at boka fint viser den tverrfaglegheita som pregar dagens forsking på gammalnordisk religion og den store aktiviteten som har vakse fram på feltet dei siste par tiåra, ikkje minst i Sverige. Rett nok er ingen norrønfilolog med, nok fordi den tekstbaserte forskinga på gammalnordisk religion i Sverige er dominert av religionsvitarar, ulikt dei fleste andre land. Slik eg ser det, er dette ein styrke ved den svenske forskinga. Fleire av bidragsytarane brukar norrøne tekstar, på fullt kvalifisert vis. Stadnamn blir tekne opp i fleirtalet av artiklane i boka, i tråd med den tverr-faglege tendensen.
PDF
Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet.