TY - JOUR AU - Bull, Tove PY - 2012/06/30 Y2 - 2024/03/29 TI - Samisk påverknad på norsk språk JF - NOA - Norsk som andrespråk JA - NOA VL - 27 IS - 1 SE - Artikler DO - UR - https://ojs.novus.no/index.php/NOA/article/view/868 SP - AB - Artikkelen diskuterer potensiell innverknad frå samisk på norsk i eit diakront perspektiv, frå så langt attende i tida som vi har noko som helst slags kjeldegrunnlag for å vete noko om dei aktuelle språka. Drøftinga har utgangspunkt i dei gjengse førestillingane om ein einvegs språkkontakt mellom nordiske språk og finsk-ugrisk frå urnordisk tid, frå nordisk til finsk og samisk, men ikkje vice versa.- Artikkelen er kronologisk bygd opp i tre delar. For perioden mellom det 6. og det 11. hundreåret blir prefikstap, inn-suffigering (utvikling av etterhengt bestemt artikkel) og preaspirasjon tolka som samisk substrat i nordisk. Utvalde substrat-fenomen i perioden mellom det 12. og det 14. hundreåret er samansette preposisjonar og konsonantlenging. Til slutt blir enkelte nyare, meir ustabile og idiosynkratiske språktrekk drøfta som eksempel på substrattrekk i samtidas nordlege nordnorske dialektar: diffus og ustabil genustilskriving, "uortodoks" bruk av bunden og ubunden artikkel, objekt-­stryking, illative kasusformer, verbvalens og leddstilling.<br />Stikkord: samiske språk, nordiske språk, diakroni, substrat, samiske substrattrekk i skandinavisk. ER -