TY - JOUR AU - Gujord, Ann-Kristin Helland PY - 2017/12/21 Y2 - 2024/03/29 TI - Eit empirisk tilskot til utforskinga av finittheit- og tempusdistinksjonar i norsk som andrespråk JF - NOA - Norsk som andrespråk JA - NOA VL - 33 IS - 2 SE - Artikler DO - UR - https://ojs.novus.no/index.php/NOA/article/view/1425 SP - AB - Denne artikkelen presenterer ei undersøking som tek utgangspunkt i hypotesar og tankar omkring finittkategoriens posisjon i norsk språk og betydinga av han for tileigninga av verbmorfologi i norsk som andrespråk (Hagen 2001, 2005; Eide 2008, 2009ab, 2012, 2015). Eg vil visa til tidlegare undersøkingar som finn at finittmarkering på verb er ei større utfordring for norskinnlærarar enn tempusmarkering på verb. I desse undersøkingane er det også funn som tydar på at finittdistinksjonen er særleg vanskeleg for innlærarar med eit førstespråk utan morfologisk markert finittheit. Desse observasjonane undersøkjer eg om gjeld for verbbruken i 246 tekstar frå Norsk andrespråkskorpus (ASK) skrivne av informantar med vietnamesisk, albansk og somali som førstespråk. Analysen viser at innlærarane ikkje gjer fleire feil i verbmorfologien som kan relaterast til finittkategorien (finittfeil), enn feil som gjeld tempusmarkeringa på verbet (tempusfeil), men at tempusfeila utgjer den største delen av dei verbmorfologiske feila. Analysen viser også ein effekt av førstespråksbakgrunn. Informantane med eit førstespråk utan finittdistinksjon (vietnamesisk) har fleire finittfeil i tekstane samanlikna med informantane med finittdistinksjon i førstespråket (albansk og somali). ER -