Samisk påverknad på norsk språk

Tove Bull

Sammendrag


Artikkelen diskuterer potensiell innverknad frå samisk på norsk i eit diakront perspektiv, frå så langt attende i tida som vi har noko som helst slags kjeldegrunnlag for å vete noko om dei aktuelle språka. Drøftinga har utgangspunkt i dei gjengse førestillingane om ein einvegs språkkontakt mellom nordiske språk og finsk-ugrisk frå urnordisk tid, frå nordisk til finsk og samisk, men ikkje vice versa.àââ¬âââ¬âââ¬âArtikkelen er kronologisk bygd opp i tre delar. For perioden mellom det 6. og det 11. hundreåret blir prefikstap, inn-suffigering (utvikling av etterhengt bestemt artikkel) og preaspirasjon tolka som samisk substrat i nordisk. Utvalde substrat-fenomen i perioden mellom det 12. og det 14. hundreåret er samansette preposisjonar og konsonantlenging. Til slutt blir enkelte nyare, meir ustabile og idiosynkratiske språktrekk drøfta som eksempel på substrattrekk i samtidas nordlege nordnorske dialektar: diffus og ustabil genustilskriving, ââ¬Âuortodoksââ¬Â bruk av bunden og ubunden artikkel, objektístryking, illative kasusformer, verbvalens og leddstilling.
Stikkord: samiske språk, nordiske språk, diakroni, substrat, samiske substrattrekk i skandinavisk.

Fulltekst:

PDF

Innkommende lenker

  • Det er p.t. ingen innkommende lenker.


ISSN 2387-6670

Creative Commons-lisens

Innholdet på dette nettstedet er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal lisens.