Åsta Mari Aune 2012: Skandoromani
PDF

Emneord (Nøkkelord)

Skandoromani

Hvordan referere

Hårstad, S. (2012). Åsta Mari Aune 2012: Skandoromani. NOA - Norsk Som andrespråk, 28(2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NOA/article/view/856

Sammendrag

Gjennom ratifiseringa av Den europeiske pakt for regions- eller minoritetsspråk (gjeldande frå 1998) og Europarådets rammekonvensjon om beskyttelse av nasjonale minoriteter (1999) vart romfolket og romanifolket definerte som nasjonale minoritetar i Noreg - saman med jødar, kvenar og skogfinnar. Dermed vart òg romani og romanes minoritetsspråk her i landet, noko ein skulle tru kunne bidra til auka status og merksemd omkring både språka og språkbrukarane. Det kan ein knappast seie var tilfellet, og no meir enn ti år etter dei politiske vedtaka er det mi oppfatning at den allmenne innsikta i dette temaet framleis er minimal. Ikkje minst har det siste årets diskusjonar om romfolket avdekt at det finst store kunnskapsmanglar. Boka til Åsta Mari Aune er eigna til å bøte på dette, sjølv om ho nok ikkje har "nordmenn flest" som den primære målgruppa; her bør ein kjenne ein god del lingvistiske og samfunnsvitskaplege fagomgrep for å få fullt utbytte.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.