Kinesiske studentar i eit norsk studentmiljø: Ein studie om sosial inkludering på Høgskulen i Volda
PDF

Emneord (Nøkkelord)

studentmiljø
inkludering
sosial kontakt
kommunikasjon
kulturelle kodar

Hvordan referere

Aambø, R. (2013). Kinesiske studentar i eit norsk studentmiljø: Ein studie om sosial inkludering på Høgskulen i Volda. NOA - Norsk Som andrespråk, 29(2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NOA/article/view/845

Sammendrag

Denne artikkelen gjeld sosiale relasjonar mellom kinesiske og norske studentar og spørsmålet om kinesiske studentar blir inkluderte eller marginaliserte i studentmiljøet ved Høgskulen i Volda. Her er fleire innfallsvinklar til temaet, mellom anna ei undersøking mellom 31 kinesiske og 22 norske studentar ved høgskulen. Resultata av undersøkinga viser at både den kinesiske og den norske studentgruppa trudde at den andre ikkje ønskte kontakt, at ingen av dei ville trenge seg på, og at gruppene verka utilnærmelege for kvarandre. Vi ser også tendensar til at kinesarane marginaliserer seg sjølve, at dei er redde for å bli misforstått og at dei har låg forventning til fritid i studiesituasjonen. Mykje tyder på at årsaka er synet på studentrolla og dermed prioritering av tid. Dessutan kan også ulike kulturelle kodar og veremåtar i det sosiale romet og ulike syn på vennskap truleg minke motivasjonen for å ta kontakt. For å få nokre mulege forklaringar på funna i undersøkinga, ser eg i siste delen av framstillinga på nokre kulturelle trekk ved kinesisk sosial veremåte, mentalitet og kommunikasjonsmåte som er rekna for å vere karakteristiske.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.