Sonja Kibsgaard (red.) 2018. Veier til språk i barnehagen

Maria Elisabeth Moskvil

Sammendrag


No har eg akkurat lese ei ny og innbydande bok om barns leikande språkbruk og språklæring. Veier til språk i barnehagen er gjeven ut på Universitetsforlaget med Sonja Kibsgaard som redaktør. Boka er fagfellevurdert, og 12 artiklar har fått plass i den fleirfaglege vitskaplege antologien. Ei fargerik framside, utforma som eit kart over eit lite nærområde, har kreative gatenamn som Akebakken, Lekegata, Kjærlighetsstien og Musikkveita. Etter å ha lese og tenkt meg gjennom bokas 223 sider, veit eg at desse vegane på framsida innbyr lesaren til ei vid og tverrfagleg tilnærming til barns språklæring. Ein tydeleg uttrykt intensjon er «at barn gjennom språklæringsprosesser må få tillit til egne tanker, språklige uttrykk og væremåter» (Kibsgaard 2018:17). Redaktøren og medforfattarane ynskjer altså at antologien skal påverke barnehagefeltet. Boka responderer nok også på forskrifta til ny rammeplan for barnehagen der det vert understreka at barna skal få bruke heile kroppen og alle sansar i sine læringsprosessar (Utdanningsdirektoratet 2017).

Fulltekst:

PDF

Innkommende lenker

  • Det er p.t. ingen innkommende lenker.


ISSN 2387-6670

Creative Commons-lisens

Innholdet på dette nettstedet er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal lisens.