Forfatterinstruks

FORFATTARINSTRUKS

Innsending av bidrag: Manuskript til NLT skal sendast til redaksjonen i Pdf-format, i tillegg til to utgåver i tekstformat (ei anonym og ei namngjeven, i Word-format og med font Times New Roman, 12 pkt). Gjer Word-artikkelen anonym ved å fylgje rettleiingane på denne sida.

Omfang: Ofte vil ein vitskapleg artikkel ha eit omfang på mellom 15 og 20 sider, men det vil òg vere rom for både lengre og kortare tekstar. Ikkje bruk kommentarar, tekstboksar og endringssporing i dokumentet.

Språkføring: Manus som sendast inn for vurdering, skal vere godt gjennomarbeidd, ha god språkføring og vere godt korrekturlest.

Samandrag: Artiklar skrivne på norsk, svensk eller dansk skal ha eit samandrag utan overskrift på inntil 150 ord på same språket som artikkelen. Dette samandraget står som ingress. I tillegg skal artikkelen ha eit tilsvarande samandrag på engelsk, som skal stå etter litteraturlista. Skriv "Summary" som overskrift for dette. Artiklar som er på engelsk, skal ha eit innleiande samandrag på engelsk og eit avsluttande samandrag på norsk etter likt mønster.

Nøkkelord: Under samandraget skal det stå "Nøkkelord:" fylgt av fem til sju nøkkelord. 

Kapittelinndeling: Overskrifter skal ha nummer, der innleiinga byrjar med talet 1. Det bør ikkje vere meir enn tre undernivå på kapitla. Dei ulike kapittelnivåa skal markerast slik:

1 Mellomtittel på nivå 1 Feit
1.1 Mellomtittel på nivå 2 Kursiv
1.1.1 Mellomtittel på nivå 3 Normal

Avsnitt: Nytt avsnitt skal markerast med innrykk. 

Sitat: Lengre sitat (tre liner eller meir) skal ha innrykk og ei blank line før og etter. Bruk skriftstørrelse 11 pkt.

Notar: Manuskriptet skal ha fotnotar, ikkje sluttnotar. Notane skal ha nummerreferanse, og dei skal plasserast etter eventuelt komma, punktum osv. Dersom ein ynskjer ein eigen informasjonsfotnote, skal den settast på fyrste overskrifta, dvs. på innleiingsoverskrifta.

Fonetisk transkripsjon: Bruk IPA-teikn ved fonetisk transkripsjon.

Glossing: Eksempel frå andre språk treng ikkje ha glossing med grammatiske kategoriar der dei ikkje er naudsynte for emnet, eller der dei kjem frå nærskylde språk. Dersom ein vel å ha med glossing og grammatiske kategoriar, skal dei ha forma nedanfor. Fingraderinga av grammatiske opplysingar må sjølvsagt avgjerast av forfattaren.


(12)    Han                gick      rätt     igenom   byn.
          han. M.SG      gikk      rett     gjennom bygd.DEF
           ’Han gikk rett gjennom bygda.’  


Kjelder og kjeldebruk: bruk APA 7th, sjå Kildekompasset eller Søk & Skriv

Fra forlaget: Benytt Crossref sin Simple Text Query for å sjekke referanseliste og finne doi for artikler som har dette: https://apps.crossref.org/SimpleTextQuery

Forfattarinformasjon: Heilt til slutt i manuskriptet skal forfattarinformasjon stå, med desse opplysingane: namn, tittel/fagleg tilknytning, arbeidsstad med adresse, e-postadresse