Nr. 2 (2020)
Beskrivelse av nummer

NLTs redaktør frå 2016, professor Janne Bondi Johannessen, Universitetet i Oslo, døydde 15. juni etter eit kort sjukeleie. Ho likte å vera redaktør og skreiv i hefte 1 i år at det «er ei stor glede å vere redaktør når lingvistane både her i Noreg, i nabolanda og i det store utland finn det meiningsfylt å sende inn artiklar til tidsskriftet». Med hefte 2/2020 ville Bondi Johannessen ha fullført den redaktørperioden ho var oppnemnd for, men dette siste heftet nådde ho ikkje å få ut. Det språkvitskaplege forskingsmiljøet i Norge takkar henne for det store arbeidet ho la ned som redaktør for NLT.

Som grunnleggjar og første redaktør av tidsskriftet er eg blitt beden om å tre inn som setjeredaktør for å fullføre 2020-årgangen. I denne funksjonen har eg lagt vekt på å ta så få redaksjonelle avgjerder som mogleg utover det heilt nødvendige. Manus til artiklar og bokmeldingar som er sende inn etter at Bondi Johannessen måtte avbryte arbeidet som redaktør, blir såleis liggjande til den nye redaksjonen tar over. Dei to artiklane som no er med i dette heftet – av Heidi Brøseth, Guro Busterud, Mari Nygård den eine og Eldar Heide den andre – var nesten ferdigredigerte tidlegare, og eg har berre fullført prosessen og gjort dei klare til trykking. Frå Sverre Stausland Johnsen kjem ein stutt sluttmerknad i debatten mellom han og hovudredaktørane av den nye norske språkhistoria og eit par av forfattarane av bandet Mønster.

Signe Laake (OsloMet) har vore redaksjonssekretær i to omgangar. Vi takkar for den store innsatsen ho har gjort for NLT, spesielt i den vanskelege situasjonen som oppstod da redaktøren døydde i sommar.

Ein ny redaksjon vil tiltre frå 1. januar 2021, oppnemnd av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo – slik avtalen mellom Novus forlag, DNVA og meg frå 7.10. 1993 tilseier (sjå NLT 31, 2013, s. 13ff). Avtalen seier (i punkt 5) at heile redaksjonsrådet no går av – at den nye redaksjonen vel nye redaksjonsrådsmedlemmer – men rår samstundes til at minst halvparten av medlemmene i det gamle redaksjonsrådet blir gjenoppnemnde for å sikre ein viss kontinuitet. I avtalen står det også at alle universiteta i landet skal vera representerte. I 1993 var det berre fire universitet, no er det fleire. Mitt syn er at alle universitet der det er undervisning og forsking i språkvitskap, bør vera representerte i redaksjonsrådet. NLT har frå starten i 1983 vore eit forum for alle språkforskarar i landet.

På vegner av NLT takkar eg medlemmene i det gamle redaksjonsrådet for den viktige innsatsen dei har ytt for tidsskriftet.

Hele utgaven
PDF