@article{Aa_2022, title={Tørk av tavla - no skal vi ha om grunnfremjing}, volume={39}, url={https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/2015}, abstractNote={<p>Konstruksjonar med grunnfremjing (eng. ground promotion) liknar verbpartikkelkonstruksjonar, men har ein grunn som er fremja i staden for ein figur, som er undertrykt. I dømet ta av bordet er grunnen bordet fremja medan figuren, dvs. det som låg på bordet før det vart tatt av, er undertrykt. Motsett er figuren bevart og grunnen undertrykt i ta av bestikket. Det siste dømet svarar til ein vanleg verbpartikkelkonstruksjon, som eg her omtalar som figurbevarande. Til skilnad frå figurbevaring er grunnfremjing lågfrekvent, og det er lite omtala i norsk tidlegare. I artikkelen syner eg at grunnfremjing først og fremst skjer ved transitive preposisjonar (på, av, i, til etc.); retningsorda opp, ned, ut og inn er helst brukt som figurbevarande partiklar. Desse kan ikkje like lett fremje grunn, men kan derimot stå med uekte grunnar. Ein uekte grunn har ein leksikalsk semantikk som tilseier ei konseptuell grunn-tolking, men er strukturelt sett ein figur.</p>}, number={2}, journal={Norsk Lingvistisk Tidsskrift}, author={Aa, Leiv Inge}, year={2022}, month={jan.} }