"Folkan mine, dæm bære snakka norsk" - norsk i Wisconsin frå 1940-talet og fram til i dag
PDF

Hvordan referere

Hjelde, A. (2012). "Folkan mine, dæm bære snakka norsk" - norsk i Wisconsin frå 1940-talet og fram til i dag. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 30(2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/207

Sammendrag

Området rundt Coon Valley og Westby i Wisconsin, som eg her vel å kalle Coon, er eit av dei eldre norske settlementa i den vestre delen av Wisconsin, og der finst det framleis ein del som snakkar norsk. Mange her har røter tilbake til Gudbrandsdalen, inkludert Biri, og dette pregar også i stor grad språkbruken i dag. På mange plassar med stor innflytting av folk med ulik dialektbakgrunn er det ikkje uvanleg at det over tid veks fram ei relativt einheitleg språknorm, ein koiné, og dette er ein prosess som mange stader kan ta tre generasjonar. Her vil eg sjå på nettopp denne utviklinga over tid, og eg byggjer da på tre ulike materiale, Einar Haugen sitt frå 1942, mitt frå 1992 og det nyaste samla inn av Nor-­AmDiaSyn-prosjektet og meg sjølv i 2010-11. Gjennom å samanlikne dette materialet prøver eg å peike på nokre drag i denne utviklinga og vise at det heller ikkje i dag har vakse fram ei slik einheitleg språknorm, vi finn framleis ein språkleg variasjon med trekk som vi tradisjonelt gjerne finn i Gudbrandsdalen i området frå Nord-Fron og nedover dalen til Mjøsa og Biri. Men dersom vi ser på dei yngste språkbrukarane, dvs. dei som er fødde etter 1940, vil vi kunne sjå at hos desse er denne variasjonen mykje mindre og at dei har ei relativt einsarta språknorm.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.