Forskingsetiske normer og juridiske rammer i norsk språkforsking med data frå sosiale medium
PDF

Hvordan referere

Bakkevoll, G., & Somby, A.-M. (2022). Forskingsetiske normer og juridiske rammer i norsk språkforsking med data frå sosiale medium. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 39(2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/2019

Sammendrag

Denne artikkelen bygger på ei undersøking av seks nyare, norske språkstudiar med data frå sosiale medium, og han handlar om forskingsetiske normer og juridiske rammer i slike prosjekt. Artikkelen diskuterer først skiljet mellom anonyme og avidentifiserte data og informantar. Når desse omgrepa blir brukte rett, kan språkforskaren sjeldan hente data frå sosiale medium utan å melde prosjektet og få det vurdert frå Norsk senter for forskningsdata (NSD). Vidare utforskar artikkelen omgrepet personopplysing og argumenterer for at språklege element kan vere personidentifiserande. Når ein behandlar slike personidentifiserande opplysingar i forsking, står norma om det informerte samtykket fram som hovudregelen i den norske konteksten. Dette er berre eitt av dei lovlege grunnlaga for å behandle personopplysingar. I diskusjonen av desse lovlege grunnlaga viser artikkelen korleis teknologien kan gjere det vanskeleg å informere deltakarane i studien. Eit siste spørsmål er korleis språkforskinga i sosiale medium definerer og behandlar tredjepartar, og artikkelen argumenterer for at desse eigentleg er informantar i sosiolingvistisk forsking.

PDF
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2021 Forfatterne