Nynorskrettskrivinga frå 1901: Nokre uklare punkt
PDF

Hvordan referere

Vikør, L. S. (2022). Nynorskrettskrivinga frå 1901: Nokre uklare punkt. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 39(2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/2017

Sammendrag

Den første offisielle nynorskrettskrivinga vart innført i 1901, etter førebuing av ei nemnd med Marius Hægstad som leiar. Sverre Stausland Johnsen (heretter SSJ) har utfordra fleire innarbeidde oppfatningar kring denne rettskrivinga. Han har òg argumentert for å sjå på 1901-rettskrivinga som primært innretta på tilnærming til "norsk-dansk". Denne artikkelen er ein gjennomgang av SSJ sine argument på bakgrunn av ei nærlesing av tilrådingsdokumenta frå Hægstad-nemnda. Konklusjonen er at SSJ på somme punkt har rett i kritikken, men at han sjølv blir anakronistisk når han einsidig tolkar aktørane i 1901 ut frå seinare stridar om rettskrivinga i målrørsla. Hægstad-nemnda sine drøftingar handla mykje om tilpassing til faktisk språkbruk i datidas landsmål, og til den da nye situasjonen at alle skuleungar skulle lære seg å lese begge skriftspråka - samtidig som nemnda ønskte å ta vare på og styrke språktradisjonen frå Ivar Aasen så langt dei såg det som mogleg under nye samfunnstilhøve.

PDF
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2021 Lars S. Vikør