Frå redaktøren
Omslag NLT 1-2020
PDF

Hvordan referere

Johannessen, J. B. (2020). Frå redaktøren. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, (1). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/1790

Sammendrag

Denne utgåva av Norsk Lingvistisk Tidsskrift er særs innhaldsrik. Det er fem vitskaplege artiklar (mellom anna ein tått) om ymse emne, og det er tre bokmeldingar. Harry Solvang skriv om japanske lånord i norsk, og deler dei inn i semantiske kategoriar som dekkjer tema frå musikk via mat til kampsport. Marit Julien argumenterer for at langdistansebinding i norsk alltid er logoforisk, dvs. at dei obligatorisk er koreferensielle med den personen som er kjelda til eit utsegn eller eit tankeinnhald. Johan Brandtler fortset diskusjonen om preverbale adverbial, som vi publiserte i NLT i tre artiklar i 2017 og 2018. Helge Sandøy, Philipp Conzett, Gjert Kristoffersen og Agnete Nesse skriv i stykket sitt eit svar til artikkelen Sverre Stausland Johnsen hadde i Norsk Lingvistisk Tidsskrift nr. 1-2019 om boka deira, Mønster, som er første bindet av Norsk språkhistorie. Kari Kinn diskuterer i tåtten sin possessivkonstruksjonar som Anne min, som uttrykkjer psykologisk nærleik.

Ewa Data-Bukowska har meldt Norwegian. A Comprehensive Grammar (2018) av Philip Holmes and Hans-Olav Enger. Elisabet Engdahl har meldt The Syntax of Mainland Scandinavian (2019) av Jan Terje Faarlund, medan Kristel Zilmer har meldt The Runic Inscriptions of the Isle of Man (2019) av Michael P. Barnes. Det er flott å sjå at alle tre bøkene får god omtale.

Det er ei stor glede å vere redaktør når lingvistane både her i Noreg, i nabolanda og i det store utlandet finn det meiningsfylt å sende inn artiklar til tidsskriftet.

PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.