Sammendrag
Denne artikkelen er ein grann omtale og gjennomgang av det fyrste bandet i verket Norsk språkhistorie, som er etla til det nye oppslagsverket for emnet. To sider ved framgangsmåten i denne boka vert kritiserte. For det fyrste vert språkendringar tekne for å vera målretta og heimevaksne i staden for å vera sjølvdrivne endringar som spreier seg gjennom sosial tilpassing. For det andre skil ikkje forfattarane mellom den norske og norsk-danske utviklingslina i språkhistoria, og dei tek norskætta og danskætta språktrekk for å gå ut på det same. Attåt vert ei rekkje andre misgrep i boka framlyfte og drøfte. Jamvel om gjennomgangen av den norske språkhistoria i det store og heile er god, kan ikkje denne fyrsteutgåva nå målet om å verta det nye oppslagsverket for norsk språkhistorie. Difor er det von om at ei ny og omvølt utgåve kan koma på marknaden.Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.