Vokativar i norsk
PDF

Hvordan referere

Julien, M. (2014). Vokativar i norsk. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 32(1). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/161

Sammendrag

Vokativfrasar, her definerte som (nominal)frasar som refererer til adressaten for ei ytring utan å vera eit syntaktisk argument i ytringa, kan ha identifiserande eller predikerande funksjon eller markere eit trekk i samtalen. Vokativane kan vera frittståande frasar eller integ-­rerte i ei setning, der dei i norsk blant anna kan stå i ein øyremerkt posisjon i venstreperiferien.Ein norsk vokativfrase har oftast eit substantiv eller pronomen som kjerne, men kan elles variere ein heil del når det gjeld forma. Varia-­sjonen blir likevel avgrensa av det vokative hovudet, som er det høgste i den vokative frasen. Dette hovudet har eit deiktisk andre-­personstrekk, og andre element i vokativfrasen må vera kompatible med dette. Ein konsekvens er at adjektiv i vokativfrasen må ha bestemt form, som i vokativtypen unge dame. Ein annan særmerkt vokativtype i norsk er den eg kallar possessiv predikasjonell vokativ, som din fjott. Eg hevdar at denne inneheld eit pronominelt subjekt og eit nominalt predikat med ubestemt artikkel, og at forma på frasen følgjer av dette.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.