Når psykiatritermar vert metaforar: Ein kasusstudie av uttrykket "politisk autisme"
PDF

Emneord (Nøkkelord)

Metafor
Metonymi
Kritisk metaforanalyse
Metaforsignalisering
Determinologisering
Psykiatriske fagtermar

Hvordan referere

Mannsåker, H. (2018). Når psykiatritermar vert metaforar: Ein kasusstudie av uttrykket "politisk autisme". Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 36(1). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/1491

Sammendrag

Artikkelen rapporterer om ei kontekstualiserande nærlesing av eitt tilfelle av bruk av uttrykket politisk autisme i eit blogginnlegg av samfunnsdebattanten Kristin Clemet i februar 2016. Undersøkingsmaterialet består av blogginnlegget til Clemet, reaksjonar på dette blogginnlegget i media og på Twitter, og Clemet sitt bloggsvar på desse reaksjonane. Analysetilnærminga som er nytta i under-søkinga, er kritisk metaforanalyse. Dette er ei tilnærming som kombinerer inn-sikter frå ei rekkje lingvistiske teoriar, som omgrepsmetaforteorien og kritisk diskursanalyse, for å identifisera, tolka, forklara og normativt vurdera metafor-bruk i autentiske tekstar. Analysen får fram eit meir nyansert bilete av metaforisk nytta psykiatritermar enn tidlegare kvantitative studiar av slik bruk av psykia -tritermar. Når desse termane vert nytta for å karakterisera menneskeleg ikkje-psykiatrisk åtferd, er den eventuelle metaforisiteten av eit anna slag enn når dei vert nytta til å personifisera ikkje-menneskelege fenomen. Og det er ikkje au-tomatisk gjeve at alle tilfelle av metaforisk bruk av psykiatritermar alltid har (intendert) nedsetjande tyding.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.