Sammendrag
Artikkelen tek for seg bruk av element frå andre språk når det dominante språket i diskursen er nordsamisk. Informantane var valde som kommunestyrepresentantar i Guovdageaidnu for perioden 2011-2015. Dei høyrer alle heime i Guovdageaidnu og har nordsamisk som fyrstespråk eller eit godt andrespråk. Materialet som er analysert, er opptak av kommunestyremøte og kvalitative intervju med åtte av representantane. Målet var å finne ut noko om kva element frå andre språk som vart nytta og kva representantane meiner om slik bruk. I analysen av intervjua har eg teke utgangspunkt i ei kategorisering av haldningar til innlånte element som Jógvan à Lón Jacobsen har laga ut frå ei undersøking av haldningar til innlånte element i færøysk. Intervjua eg har gjort, syner at representantane både er opptekne av at språkbruk har ein kommunikativ funksjon og at det er viktig å nytte samiske ord i så stor grad som mogeleg.
Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.