Lokativalternasjonen og dativ på Nordvestlandet

Marianne Anderson, Tor A. Åfarli

Sammendrag


I denne artikkelen argumenterer me for at dei to leddstillingsvariantane i lokativalternasjonen skal analyserast som to radikalt ulike strukturar, der den eine har ein postverbal struktur som består av direkte objekt og eit adjungert predikatsadverbial, og der den andre har ein postverbal struktur som består av ei ikkje-verbal småsetning med småsetningssubjekt og småsetningspredikat. Me syner at både syntaktiske og semantiske eigenskapar ved lokativalternasjonen kan predikerast ut frå ein slik strukturell skilnad. I siste halvdel av artikkelen syner me i detalj at kasusdistribusjonen i to norske dativdialektar på Nordvestlandet fylgjer direkte frå hypotesen om at dei to leddstillingsvariantane i lokativalternasjonen er strukturelt ulike på den måten me postulerer.

Emneord (Nøkkelord)


lokativalternasjonen, leddstillingsvariantane, lokativalternasjonen

Fulltekst:

PDF

Innkommende lenker

  • Det er p.t. ingen innkommende lenker.


ISSN 2387-6719

Creative Commons-lisens

Innholdet på dette nettstedet er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal lisens.