Forfatterinstruks

Krav til manuskriptet

Musikk og tradisjon øskjer å presentera breidda i norsk og skandinavisk folkemusikkforsking, og tar imot artiklar med ulike perspektiv på tradisjonell musikk og dans som eit breitt definert felt. Artiklane kan vera musikkvitskaplege i tradisjonell forstand, eller ha eit kultur- eller samfunnsvitskapleg utgangspunkt. Dei kan vera historisk orienterte eller setja søkjelys på samtida, og leggja til grunn empiriske og/eller teoretiske perspektiv.

 

Musikk og tradisjon er eit fagfellebasert vitskapleg tidsskrift. To eksterne fagfellar går gjennom tekstane for å sikra den faglege kvaliteten. Dei gir tilbakemeldingar til forfattarane for eventuelt å vidareutvikla artiklane. Fagfellane vil òg tilrå om artiklane skal trykkast eller ikkje.

 

Ta gjerne kontakt for spørsmål eller informasjon om aktuelle artiklar. Manuskripta må sendast til redaktøren innan 1. april.

 

Standard for teksten

Teksten kan vera på nynorsk, bokmål, svensk, dansk eller engelsk. I tillegg til sjølve teksten skal manuskriptet til ein artikkel innehalda følgjande: tittel, engelsk samandrag (ca. 10-15 linjer), referanseliste/kjeldeliste, eventuelle fotnotar og forfattaropplysningar (namn og kort biografi på 50-100 ord). Manuskriptet bør ikkje vera på meir enn 6000 ord når alt er medrekna. Eventuelle unntak må avtalast med redaksjonen.

 

Manuskripta skal sendast som vedlegg i e-post. Det er viktig at me òg får teksten i pdf-format eller som utskrift send i posten. Slik sikrar me at me får med alt forfattaren øskjer av teiknsetjing, kursivering og liknande.

 

  • Skriv i Word-format, helst med fonten Times New Roman, 12 punkt, med dobbel linjeavstand.
  • Bruk berre rett venstremarg, ikkje orddelingsfunksjon eller faste sideskift.
  • Bruk maksimalt tre tittelnivå: hovudtittel og undertitlar.
  • Avsnitt skal markerast med dobbelt linjeskift.
  • Bruk færrast mogleg formateringar, i tillegg til kursiv og feit skrift.
  • Utheving av ord skal gjerast med bruk av kursiv, ikkje understreking.
  • Sitat skal merkast med hermeteikn og ikkje stå i kursiv. Lengre sitat skal skiljast frå teksten med eit innrykk frå venstre marg pluss blank linje over og under.

 

Fotnotar og referansar

Det er øskjeleg med så få og korte fotnotar som mogleg. Desse skal plasserast som fotnotar. Referansar/litteraturtilvisingar skal stå i sjølve teksten, med forfattarnamn, publiseringsår og eventuelle sidetilvisingar i parentes. Bruk referensestil APA/American Psychological Association 7th og kildekompasset.no for rettleiing.

Fra forlaget: Benytt Crossref sin Simple Text Query for å sjekke referanseliste og finne doi for artikler som har dette: https://apps.crossref.org/SimpleTextQuery

Illustrasjonar

 

Artikkelforfattarane har sjølv ansvar for å innhenta løyve frå eventuelle rettsinnehavarar til illustrasjonane.

 

Og heilt til slutt

Forfattarar får tilsendt tre eksemplar av skriftet. I tillegg kan dei tinga fleire eksemplar til redusert pris.

 

Manuskript skal sendast til redaktøren. Manusfrist: 1. april.

 

Velkomen som bidragsytar i Musikk og tradisjon!

 

Bjørn Aksdal, redaktør

E-post: bjornaksdal@gmail.com

Telefon: (+ 47) 951 02 003