Vol 28 (2014)
Beskrivelse av nummer

«Korleis held me på variasjon som ein viktig del av folkemusikken i ei tid der musikken kan reproduserast i detalj med datamaskinen?» Spørsmålet vart stilt under seminaret til Norsk folkemusikklag, som i år vart halde på Ole Bull Akademiet på Voss og hadde temaet «Teknologi». Dette spørsmålet viser ei mogleg utfordring ved det å bruka teknologi til å læra folkemusikk, og korleis teknologien kan vera med på å endra tradisjonen. På den andre sida representerer ny teknologi òg nye moglegheiter i formidling av, og forsking på, folkemusikken. Dei to første artiklane i 2014-utgåva av Musikk og tradisjon baserer seg på innlegg frå seminaret.