Vol 32 (2018)
Beskrivelse av nummer

22. januar 1948 vart Norsk Folkemusikklag stifta, berre fire månadar etter at ICTM (den gong IFMC) hadde vorte stifta i London med Ole Mørk Sandvik som norsk representant. Sandvik vart vald som «Executive Board member» i IFMC og vart òg den første formannen i Norsk Folkemusikklag. I år er det 70 år sidan laget vart stifta, noko som vert markert med jubileumsseminar i Bø 1.–2. november 2018, men òg i denne utgåva av Musikk og tradisjon. I tillegg til dei fagfellevurderte artiklane og dei faste postane, inneheld dette nummeret av skriftet difor tre jubileumsartiklar skrivne av styret i Norsk Folkemusikklag.