Vol 30 (2016)
Beskrivelse av nummer

I 1965 overtok Reidar Sevåg stafettpinnen etter Ole Mørk Sandvik og vart den andre leiaren i Norsk folkemusikklag si historie. Dette var eit verv han hadde heilt fram til Tellef Kvifte overtok i 1980. Sevåg vart seinare utnemnd til heidersmedlem i laget for innsatsen sin, og me vil med dette minnast denne sentrale folkemusikkforskaren som gjekk bort i november. Fire tidlegare kollegaer av Sevåg har bidratt med eit minneord til skriftet.

Utgjevinga av Musikk og tradisjon er den viktigaste oppgåva til Norsk folkemusikklag, ved sida av det årlege seminaret. Tidsskriftet presenterer gjerne innlegg frå seminaret, men denne utgåva av skriftet er ei samling frie artiklar med brei tematisk variasjon.

Hele utgaven
PDF