Tre skillingstrykk-bøker fra 2019
PDF

Hvordan referere

Solberg, O. (2020). Tre skillingstrykk-bøker fra 2019. Musikk Og Tradisjon, 34, 9. Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOT/article/view/1925

Sammendrag

Eva Danielson: Skillingtryckarna. Skillingtrycksproducenter under det långa 1800-talet. Svenskt visarkiv/Statens Musikverk, 2019. 

Märta Ramsten: De osynliga melodierna. Musikvärldar i 1800-talets skillingtryck. Svenskt visarkiv/Statens Musikverk, 2019.

Karin Strand: En botfärdig synderskas svanesång. Barnamord i skillingtryck mellan visa och verklighet. Gidlunds förlag/Svenskt visarkiv, 2019.

Er skillingsvisene i ferd med å få ein renessanse? Interessa for denne tradisjonelt nedvurderte songlyrikken har vel aldri vore heilt borte, men utgjeving av bøker og artiklar og satsing på større prosjekt tyder på at noko nytt er i ferd med å skje nå. I 2019 vart det bl.a. publisert tre interessante svenske bøker om skillingsviser/skillingstrykk, og det er desse eg skriv om her.

Dei tre bøkene representerer ulike innfallsvinklar til skillingsvisestudiet og kastar lys over forskjellige tema. Eva Danielson, etnolog og i mange år medarbeidar ved Svenskt visarkiv i Stockholm, skriv om eit emne dei færraste vel kjenner særleg til - skillingstrykk-produsentane, dei som trykte visene, gav dei ut og bl.a. bestemte kor stort opplaget skulle vera. Märta Ramsten, dosent i musikkvitskap, tidlegare medarbeidar og leiar ved Svenskt visarkiv, skriv om skillingsvisemelodiane. Dette er også eit relativt lite kjent fagfelt. Ramstens bok er ein antologi. Den tredje boka er ein historisk-litterær studie av barnemord-framstillingar i skillingstrykk. Eit uhyggeleg og dramatisk emne. Boka er skriven av Karin Strand, litteraturvitar og nåverande leiar (arkivchef) ved Svenskt visarkiv. Boktittelen assosierer til den barokke språkbruken i skillingsvisene.

Dei tre forfattarane skriv om svenskspråklege skillingsviser, men bøkene er (sjølvsagt) også nyttige for lesarar frå andre land. Skillingsvisene er i stor grad nordisk, og ikkje sjeldan europeisk fellesstoff.

PDF
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2020 Olav Solberg