Forord

Sveinung Søyland Moen

Sammendrag


Førre skrift i serien var eit jubileumsskrift til laget sitt 70-årsjubileum, men skriftet har òg eit lite jubileum i år: Nummeret du held i handa er nemleg den tiande utgåva av Musikk og tradisjon. Ettersom heile historia til skrift serien vart presentert i førre nummer, er dette likevel ikkje markert på annan måte enn at me nemner det her. 

Denne utgåva er ei samling frie artiklar frå norsk folkemusikkforsking, men kan likevel delast inn i to tema: Dei to første artiklane er knytt til arkiv-, bibliotek- og museumssektor og er djupdykk inn i to av dei mangfaldige folkemusikksamlingane rundt om i landet. Dei to siste artiklane handlar om endringar i stiluttrykk over tid etter ytre impulsar. 


Fulltekst:

PDF

Innkommende lenker

  • Det er p.t. ingen innkommende lenker.