Forord
PDF

Hvordan referere

Moen, S. S. (2018). Forord. Musikk Og Tradisjon, 31. Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOT/article/view/1469

Sammendrag

Ei ny utgåve av Musikk og tradisjon er klar og sjølv om tre av artiklane må seiast å ha nærliggjande tema, er denne utgåva av skriftet ikkje eit tema-nummer, men ei samling frie artiklar frå norsk folkemusikkforsking. Ola Graff får æra av å opna denne utgåva med ein artikkel om tydinga av kjønn i tradisjonsmusikken, eit tema som i lita grad er behandla innan vår fagdisiplin. Med utgangspunkt i semiologisk strukturell teori stiller Graff spørsmål ved om kjønn er ein interessant dimensjon i samband med utøving av eller forsking på tradisjonsmusikk. Graff byrjar med ein gjen-nomgang av tidlegare forsking på feltet (eller strengt tatt mangel på dette), før han tar føre seg spørsmålet gjennom å sjå på ulike sider av tradisjons-musikkfeltet: Innhaldet i sjølve musikken/tekstane, uttrykket i formidlinga og kulturell praksis, med døme hovudsakleg frå materialet i Nordnorsk Folke musikksamling ved Tromsø Museum.

PDF
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2018 Musikk og Tradisjon