TY - JOUR AU - Solberg, Olav PY - 2013/02/12 Y2 - 2024/03/28 TI - "Paa gammelt Maal og paa Pergament". Har det funnest ein skriftleg norsk balladetradisjon? JF - Maal og Minne JA - MOM VL - 103 IS - 2 SE - Artikler DO - UR - https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/328 SP - AB - Det blir gjerne stillteiande rekna med at dei norske balladane har blitt overførte i munnleg tradisjon frå seinmellomalderen og fram til midten av 1800-talet, da Landstad, Bugge og andre samlarar feste balladetradisjonen til papiret. Men dette er ein lang periode, og spørsmålet er om munnleg tradisjon av den typen som balladen representerer, kan greie seg så lenge på eiga hand. Etter alt å døme har skrift vore inne i bildet; balladen har ikkje vore ei reint munnleg dikting her i landet, men har hatt støtte i skrift. Det har med andre ord funnest ein skriftleg balladetradisjon i Noreg ved sida av den munnlege, i form av visebøker og viseoppskrifter. Vi ser spor av denne skrifttradisjonen på 1800-talet, bl.a. i samband med "Draumkvedet" og "Roland og Magnus kongen". Også lenger attende i balladehistoria ser vi glimtvis døme på at balladen har vore skriftfest. Det er vidare eit hovudpoeng i denne artikkelen at teksttradisjonen mest mogleg må knytast til personar og miljø. Likeeins må vi sjå kva som skjedde i tida før husmannstradisjonen på 1800-talet. Husmennene hadde nok sjeldan tilgang til bøker og skrift, men det hadde dei velberga bonde- og lågadelsættene som bar fram balladediktinga i tidlegare tider. I artikkelen diskuterer eg nokre sentrale balladetekstar frå ulike tidspunkt i balladehistoria og knyter tekstane til menneske og stader - frå det norske hoffet kring 1300 til husmannsstovene i Vest-Telemark på 1800-talet. ER -