TY - JOUR AU - Lyse, Gunn Inger AU - Rauset, Margunn AU - Dyvik, Helge PY - 2022/12/07 Y2 - 2024/03/28 TI - Kollokasjonar - språkets R2-D2 og C-3PO JF - Maal og Minne JA - MOM VL - 114 IS - 2 SE - Artikler DO - 10.52145/mom.v114i2.2122 UR - https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/2122 SP - AB - <p>I revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka treng leksikografane reiskapar som effektivt og etterretteleg finn ordsekvensar som seier noko om typisk bruk og kva frekvente uttrykk ord inngår i. Artikkelen tek føre seg korleis ein definerer og studerer kollokasjonar i ulike tradisjonar, då fleire tilnærmingar til omgrep som kollokasjon og fleirordsuttrykk møtest i eit praktisk felt som leksikografi. Hovudvekta i artikkelen ligg på korleis ulike reiskapar kan nyttast for å finne kollokasjonar som er relevante å ha med i ordbøkene. Korpuskel-leks er eit korpusgrensesnitt utvikla for leksikografisk bruk. Der kan brukarane søkje etter kollokasjonar ved hjelp av statistiske assosiasjonsmål og ved regulære uttrykk på tvers av mange korpus. NorGramBank er ein trebank med søkjetemplat utvik­la for leksikografisk bruk. Der er kollokasjonar ikkje berre eit reint statistisk fenomen av ord som førekjem saman og kan søkjast etter lineært, men søket kan òg referere til syntaktisk struktur og syntaktiske relasjonar mellom orda.</p> ER -