TY - JOUR AU - Karlsen, Knut E. AU - Bjørhusdal, Eli PY - 2018/12/18 Y2 - 2024/03/29 TI - Mellom Aasen og Hægstad. Morfologisk variasjon i landsmålet før 1901. JF - Maal og Minne JA - MOM VL - 110 IS - 2 SE - Disputas DO - UR - https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/1578 SP - AB - Målet med dette arbeidet er å kartleggje den morfologiske variasjonen i landsmålet før den første offisielle standardiseringa av skriftmålet frå statleg hald i 1901. Det finst fram til no inga heilskapleg, uttømmande framstilling av korleis tidleg landsmål faktisk såg ut. Historia om det tidlege landsmålet har i stor grad bygd på inntrykket granskarar har fått ved å lese litteratur frå perioden, og på kjelder som ordlister, ordbøker og grammatikkar. Sjølv om Aasens ordbok frå 1873 nok blei oppfatta som rettleiande av ein del landsmålsskribentar før 1901, argumenterte både grupper og enkeltpersonar for alternative utformingar av landsmålet. Slike alternative utformingar blei også gjennomførte i fleire viktige publikasjonar. Aasens uoffisielle normal spelte venteleg ei rolle, men spørsmålet er i kva grad skrivarane heldt seg til Aasen-normalen. Då vi så fekk den offisielle standarden i 1901, blei han kløyvd i to slik at vi fekk éin normal tillaten berre for skuleelevar (midlandsnormalen) og éin normal til bruk også utanfor skulen (Hægstad-normalen). ER -