TY - JOUR AU - Eide, Kristin Melum AU - Hjelde, Arnstein PY - 2018/06/26 Y2 - 2024/03/29 TI - Om verbplassering og verbmorfologi i amerikanorsk JF - Maal og Minne JA - MOM VL - 110 IS - 1 SE - Artikler DO - UR - https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/1529 SP - AB - Denne artikkelen undersøker tilhøvet mellom verbbøying og ordstilling i ein språkkontaktsituasjon der norsk er det eine språket og engelsk det andre. Meir spesifikt er datatilfanget henta frå fleire datasett med opptak av norskamerikanarar i den amerikanske Midtvesten, og opptaka spenner over 70 år og tre generasjonar. Dette gir høve til å studere korleis denne kontaktvarieteten endrar seg over tid med omsyn til dei fenomena som er tema i artikkelen. Artikkelen er slik eit bidrag til eit område av norsken som er lite utforska, men han tar òg mål av seg til å kaste lys over meir generelle problemstillingar innanfor språkkontakt, tospråklegheit, og den formalteoretisk retta lingvistikken under den retninga som vert omtala som "biolingvistikk". Utgangspunktet vårt i denne artikkelen vil særleg vere å sjå på språkkontakt som eit mentalt fenomen, der kontakten primært skjer i sinnet til språkbrukaren. ER -