TY - JOUR AU - Solberg, Olav PY - 2017/08/11 Y2 - 2024/03/28 TI - Balladen om Falkvor Lommannsson - Eit historisk trekantdrama frå tidleg 1300-tal JF - Maal og Minne JA - MOM VL - 109 IS - 1 SE - Artikler DO - UR - https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/1404 SP - AB - <p>Det har ikkje vore vanleg i norsk balladeforsking å diskutere kven som ein gong i fortida kan tenkjast å ha vore opphavsmenn og -kvinner til balladar. Grunnen ligg i dagen, vi har ikkje særleg mange kjelder som tillet noka slik drøfting. Forskinga har derfor vore meir oppteken av balladetradisjonen, balladetekstane og til ein viss grad av balladesongarane. Likevel hender det at kjeldene finst til i det minste å stille opp ein mogleg hypotese om kven som ein gong kan ha dikta ein bestemt ballade. Det er dette eg freistar å gjera i denne artikkelen. Det dreiar seg om den historiske balladen "Falkvor Lommannsson" som handlar om eit brurerov på svensk jord i 1288. Fleire historiske personar var involverte i denne hendinga, først og fremst dei to hovudaktørane i balladen: stormannen Folke Algotsson og Ingrid Svantepolksdotter, dotter til lagmannen i Västergötland, Algot Brynolfsson. Av politiske årsaker var ho trulova med den danske drottseten David Torstensson, men Folke ville det annleis og rømte til Noreg med henne. Her vart rømlingane vel mottekne ved det norske hoffet. Det same vart fleire av brørne til Folke, blant dei Peter Algotsson. Peter Algotsson var ein studert mann og hadde vore kanslar i heimlandet. I Noreg gjorde den norske kongen seg nytte av kunnskapane og evnene hans, Peter gjorde ved fleire høve teneste som norsk sendemann. Den tidlegare svenske kanslaren har av fleire blitt foreslått som den som i dei nærmaste åra etter 1300 - ved det norske hoffet - gjendikta dei tre såkalla "Eufemiavisene" på svensk, med grunnlag i fransk-, tysk- og norrønspråklege tekstar. Vi kjenner ingen andre som hadde kunnskapar og bakgrunn til å gjennomføre eit slikt prosjekt. Kan det tenkjast at Peter Algotsson også dikta balladen om Folke Algotsson og Ingrid Svantepolksdotter? Når eg stiller spørsmålet, er det ikkje berre fordi Peter må ha hatt det som skulle til for å dikte balladar. I tillegg kjem at dei norske variantane av "Falkvor Lommannsson", samla inn frå munnleg tradisjon på 1800-talet, overraskande nok inneheld personnamn og andre detaljar som vantar i dei atskillig eldre svenske og danske variantane. Etter mitt syn må grunnen vera at den norske tradisjonen frå byrjinga har kunna stø seg på ei skriven form av "Falkvor Lommannsson". Denne skriftlege balladen må etter alt å døme ha blitt til ved det norske hoffet, der to av hovudaktørane og andre impliserte i brurerovet oppheldt seg.</p> ER -