@article{Heide_2013, title={Tidleg dialektkontakt i Nord-Noreg}, volume={105}, url={https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/237}, abstractNote={På grunn av stor innvandring til Nord-Noreg, særleg på 1500-talet, skal vi vente å finne spesielt mange dialektkontaktprodukt i nord-­norsk, men temaet er ikkje undersøkt. Her skal eg prøve å forklare nokre sentrale ikkje lydrette bøyingsformer i nordnorsk ut frå denne dialektkontakten: Særleg bundi eintal av svake hokjønnsord på -a (kista) mot venta -o og -å (den viso /-å, men den bygda), -e i presens av både a-verb og e-verb, og bundi inkjekjønnsfleirtal på -an (husan) mot venta -a. Desse formene representerer grammatisk for-­enkling, og ville derfor vera typiske språkkontaktprodukt. Eg føreslår at desse innovasjonane oppstod i område med spesielt stor innflytting, særleg Rana og området ikring Lopphavet, og har spreidd seg derifrå. Det er frå før kjent at desse områda har "framande" dialektdrag (Rana austlege og Lopphavet nordvestlandske), men så vidt eg veit har ingen kopla forenkla bøying til desse områda. Også andre nordnorske forenklingar forklarer eg på denne måten, eg kjem inn på ideen om at den nordnorske apokopen er lånt frå Trøndelag, og eg føreslår at det sørvestlandske området som heller ikkje skil mellom svakt og sterkt hokjønn i bunden form (både bygdo og viso, el. -å) kan ha fått denne forenklinga frå dialektkontakt i Stavanger. På grunnlag av desse vurderingane prøver eg å rekonstruere noko sentral nordnorsk og allmennorsk morfologi ved inngangen til nynorsk tid.}, number={1}, journal={Maal og Minne}, author={Heide, Eldar}, year={2013}, month={sep.} }