Ernst Håkon Jahr: Clara Holst - (en) kvinnelig pionér i akademia i Norge
PDF

Hvordan referere

Bakken, K. (2013). Ernst Håkon Jahr: Clara Holst - (en) kvinnelig pionér i akademia i Norge. Maal Og Minne, 101(1). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/281

Sammendrag

Ernst Håkon Jahrs biografi om Clara Holst (1868-1935), fortel historia om den førstekvinna som disputerte for ein språkvitskapleg doktorgrad i Noreg. Boka som ErnstHåkon Jahr gav ut på Novus forlag i 2006, er den første teksten eg har lese som legg eitkvinneperspektiv på norsk språkvitskapleg faghistorie. Lesinga fekk meg til å tenkjebakover til då eg som fersk uteksaminert hovudfagsstudent i 1987 vart provosert over eineldre professor som velviljug sa til meg at han ønskte oss kvinner velkomne i faget, slikat ein no kunne få eit kvinneleg perspektiv inn i forskinga. Eg vart provosert den gongenfordi min tanke slett ikkje var å tilføre noko kvinneleg, eg ville drive med fag rett ogslett, ikkje med kvinnevarianten av det. Dette var kanskje ein naiv reaksjon frå mi side,eit fag blir sjølvsagt definert av spørsmåla som blir stilte, av problema ein vel ut sominteressante. Og hypotetisk sett kunne ein tenkje seg at kvinnelege forskarar slik villedefinere faget annleis enn mannlege kollegaer. I praksis tykkjer eg likevel ikkje at norskspråkhistorisk forsking har blitt særleg forandra ved at kvinnelege språkhistorikarar harfått tilført "sitt perspektiv". - Eg sjølv har ingen bidrag å skryte av i den samanhengen,og eg vågar påstanden at Clara Holst heller ikkje greidde - eller prøvde - å tilføre språk-vitskapen eit kvinneperspektiv.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.