Språksosiologi og norsk språkhistorieskriving
PDF

Hvordan referere

Rambø, G.-R. (2015). Språksosiologi og norsk språkhistorieskriving. Maal Og Minne, 106(2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/218

Sammendrag

Norsk språkhistorieskriving som gjeld perioden frå 1814 og frametter har vore prega av eit fokus på språkeksterne faktorar, noko som heng saman med at perioden i stor grad var prega av offentleg styring av skriftmåla. Teoriretningar og synsmåtar som kan vere fruktbare for å seie noko om forhold mellom språk, språkbruk og språksamfunn har fått ein særleg tydeleg plass. Særleg stor rolle har språksosiologien fått.    I denne artikkelen drøftar forfattaren kva rolle språksosiologien som vitskapsdisiplin har spela for den nyare norske språkhistorieskrivinga, mellom anna gjennom å sjå på korleis språkstriden på 18- og 1900-talet har vore framstilt. Fokuset ligg på korleis samtidig språkkamp, endringane i skriftnormalane og arbeidet fram mot implementeringa av desse endringane har blitt forklart innanfor språkhistorieskrivinga. Som utgangspunkt for drøftinga nyttar forfattaren ulike forklaringsmodellar som har vore framstilte i tidlegare vitskaplege arbeid, og forsøker å seie noko om kva som kjenneteiknar den nyare tida.

PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.