Anatoly Liberman: <i>The Saga Mind and the Beginnings of Icelandic Prose</i>
PDF ()

Hvordan referere

Mundal, E. (2020). Anatoly Liberman: <i>The Saga Mind and the Beginnings of Icelandic Prose</i>. Maal Og Minne, 111(2). Hentet fra http://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/1744

Sammendrag

Tittelen på denne vesle boka av Anatoly Liberman er meint å gje assosiasjonar til Steblin-Kamanskijs bok The Saga Mind (tittelen på den engelskspråklege utgåva frå 1973, russisk tittel Mir sagi, 1971). Boka vert innleia med eit forord av Jurij Kusmenko som gjev ein kort presentasjon av forskaren Anatoly Liberman. Liberman skriv sjølv ein introduksjon der han gjer greie for grunnane til å gje ut boka. Han var ein yngre kollega av Steblin-Kamenskij då dei begge arbeidde ved The Academy of Science of the USSR, Leningrad (no St. Petersburg), og han las Mir sagi i manuskript i 1970. Liberman har ganske sikkert beundra sin eldre kollega, men han støtta ikkje teoriane hans på vesentlege punkt. Truleg fann han det vanskeleg å opponere mot sin eldre og høgt respekterte kollega som også hadde vore hans rettleiar, formuleringa “I remained in his shade until my emigration to the United States in 1975” (s. 1), kan tyde på det.

PDF ()

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.