To menn og Ave Maria i Hamarkaupangen

Elise Kleivane

Sammendrag


Der Hamarkaupangen låg i mellomalderen, blir det stadig gjort lausfunn, særleg av små metallgjenstandar. Eitt av desse funna er ein gjenstand av bly med runer på, funnen med metalldetektor på Storhamarstranda i 2012. Dette funnet er ikkje tidlegare publisert. I denne artikkelen blir det gjort greie for lesinga av runene, samt tolkinga av dei. Andre innskrifter samt manuskriptskrift blir tatt med i diskusjonen av tolkinga. Ein interessant detalj ved denne innskrifta er at ein av personane som er nemnt der, kan vere den same som er omtala i eit diplom frå Hamar. I artikkelen blir det òg drøfta kva denne innskrifta fortel om skriftkulturar i Hamar og Noreg i mellomalderen. Til slutt blir dateringa av innskrifta diskutert, samt kva for funksjon denne blyskiva kan ha hatt.

Fulltekst:

PDF

Innkommende lenker

  • Det er p.t. ingen innkommende lenker.


ISSN 1890-5455

Creative Commons-lisens

Innholdet på dette nettstedet er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal lisens.