Hjalmar Eiksund og Jan Olav Fretland (red.): Nye røyster i nynorskforskinga
PDF

Hvordan referere

Akselberg, G. (2017). Hjalmar Eiksund og Jan Olav Fretland (red.): Nye røyster i nynorskforskinga. Maal Og Minne, 108(2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/1330

Sammendrag

Nynorsk skriftspråkspraksis veit vi i grunnen ikkje så mykje om. Det vil seia, vi kjenner til einskilde delpraksisar som har kome fram gjennom einskildstudiar rundt om i landet hovudsakleg gjorde av vitskapleg tilsette og masterstudentar ved universiteta og høgskulane, t.d. Helge Omdal, Gunnstein Akselberg og Bente Selback, og dessutan gjennom dei mange oversiktene til Ottar Grepstad over nynorsk praksis. Særleg har skrift­språkspraksisen i skulen - med vekt på nynorskpraksisen og nynorskkompetansen til lærarar og elevar - vore studert. Men vi har mangla ein meir heilsleg kunnskap om nynorskpraksisen både i ulike samfunnssektorar eller domene og i samfunnet som heilskap. I det heile har nynorskforskinga vore mindre omfattande og meir fragmentarisk enn det som ein ideelt kulturelt, sosialt og språkpolitisk skulle ønskt. Vi treng meir kunnskap om nynorskpraksisen og nynorskkompetansen i samfunnet.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.