Nokre sider ved det norske kasusbortfallet i seinmellomalderen
PDF

Hvordan referere

Berg, I. (2015). Nokre sider ved det norske kasusbortfallet i seinmellomalderen. Maal Og Minne, 107(1). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/1144

Sammendrag

Dei fleste skandinaviske varietetar har mista kasusbøyinga av substantiv heilt, medan færøysk har mista genitiv. Men nokre dialektar i Noreg og Sverige har framleis dativ. Dette viser til mellomsteg i utviklinga som kan følgjast i kjeldene frå seinmellomalderen. Artikkelen argumenterer for at kasusbortfallet skjedde i to etappar: Først fall leksikalsk genitiv saman med dativ, illustrert her med styringstilhøva ved gamle genitivpreposisjonar. Da nominativ og akkusativ seinare fall saman, heldt dativ seg distinkt i eit tokasussystem som er kjent frå dialektane. Endringar i bøyinga av þessi 'denne' viser korleis paradigmatiske endringar gjorde dativforma tydelegare. I båe endringane er det rettare å snakke om samanfall av kasus enn bortfall, som mellom anna nokre pronomenformer viser. Artikkelen kombinerer data frå tradisjonelle dialektar med døme frå seinmellomalderkjelder og diskuterer utviklinga i jamføring med færøysk, tyske dialektar og ålmenne tendensar i utviklinga av kasussystem.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.