Melding av Maria Prusac, Mona Bremer Solhaug og Marianne Vedeler (red.) 2009. På spor av Gud? Pilegrimsreier i middelalderens kristenhet.

Sigrun Høgetveit Berg

Sammendrag


På spor av pilegrimar
Kva var ein pilegrim? Dette store spørsmålet blir i denne boka belyst ved hjelp av dei gjenstandane som pilegrimar hadde med seg på reisene sine. Kva for historier fortel desse gjenstandane? Kva fortel dei oss om pilegrimane og reisene deira? I floraen av pilegrimslitteratur dei seinare åra er dette altså eit bidrag som tek for seg den materielle pilegrimskulturen frå tidlegkristen tid og særleg mellomalderen, og utgangspunktet for utgjevinga er samlingane til Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Boka er ein antologi med bidrag frå forfattarar både frå Kulturhistorisk museum og andre institusjonar, og den faglege breidda er stor; religionsvitskap, numismatikk, arkeologi og kunsthistorie.
Desse ulike innfallsvinklane gjer boka spennande. Både av di det opnar for eit vidt spekter av pilegrimsgjenstandar, men òg av di lesaren kan få innblikk i ulike fagtradisjonar si tilnærming til eit felles tema. Og boka â som heilt klart er mynta på eit breiare publikum enn den vitskaplege lesarkrinsen â greier fint å kommunisere desse ulike faga, slik at ho framstår som ein lesarvenleg heilskap. Men det som er positivt med ein antologi â at fleire stemmer slepper til â er sjølvsagt også ofte problemet. Innhaldet i dei ulike delkapittel spriker â så også i denne boka. Men i dette tilfellet meiner eg altså at det ikkje er det fleirfaglege sin feil.
Etter eit kort innleiingskapittel blir det deretter sett fokus på kven pilegrimen var, så eit kapittel om dei første pilegrimane og etter kvart kapittel om pilegrimsreisene og pilegrimsmåla. Imellom er det utdjupingsartiklar om kart, myntar, suvenirar, relikviar, helgengraver og helgenbilete. Rekkjefølgja er såleis noko hulter til bulter; kapitla om gjenstandane burde vore samla eller tydeleggjort betre, sidan dei er utgangspunktet â og grunngjevinga for â denne boka. Dei kapitla som handlar om kven pilegrimen var, korleis reisene gjekk føre seg og omtalen av pilegrimsmåla opplever eg meir som ein del av rammeforteljinga rundt gjenstandane. Slik antologien er bygt opp, sit eg litt med inntrykket av at dette er ââ¬Âendå ei bok om pilegrimarââ¬Â og mistar av og til gjenstandsfokuset av syne. Når det er sagt, er fleire av desse rammeforteljingane svært gode i seg sjølve. Både Marina Prusacs kapittel om dei første pilegrimane i tidlegkristen tid er grundig og oversiktleg, og Ingvild Sælid Gilhus skriv perspektivrikt om reisa som førebilete og livet som reise.
Det er mykje forvitneleg stoff som kjem fram om ein del av gjenstandane â somme av dei har aldri vore presenterte for eit breiare publikum før. Og det er slåande kunnskap me får del i â kor mange visste at gardane Gallis i Andebu og Jaksland i Røyken truleg er kalla opp etter at innehavarane har vore på pilegrimsturar til Santiago de Compostela i Galicia og Jakobsland? Dei to kapitla om helgenane står fint til kvarandre, og det store spennet i helgenkulten â frå dei opphøgde, idealiserte bileta og figurane, til dei nære og konkrete helgengravene og relikviane â kjem fram. Men særleg tykkjer eg kapitla om verdskarta â mappae mundi â og om pilegrimssuvenirar er interessante og vellukka. Christoph Kilger greier å føre oss inn i den fysiske verdsoppfattinga til høgmellomaldermenneska ved hjelp av ââ¬Âett eneste kartbladââ¬Â, og Siri Sande gjev ei grundig forklaring på kva dei ulike suvenirane er og korleis dei oppstod, og ikkje minst maktar ho å reise spørsmål og reflektere kring kva for vidare tyding produksjon, sal og distribusjon av desse suvenirane hadde for heile pilegrimsindustrien. Slike drøftingar kunne det gjerne vore meir av, og ei innvending mot fleire av artiklane er at dei blir vel empiriske. Dei syner fram eit rikt materiale, men det stoppar der â det blir for lite drøfting av kva slags tyding alt dette hadde. Og der eg hadde sett fram til å lesa om pilegrimane frå nord, var det diverre lite å hente â med spreidde, litt tilfeldige døme som kan knytast til pilegrimskulturen, men utan særleg retning og i alle fall utan fokus på gjenstandar. Kapittelet verkar umotivert i denne samanhengen.
Både innleiingsvis og i dei enkelte kapitla blir det understreka at pilegrim og pilegrimsreiser ikkje er eintydige omgrep. Ãrsakene til og motivasjonane for å leggje ut på reise var (og er) mange â som i migrasjonsforskinga kan ein prøve å isolere både push- og pull-faktorar. Det var noko som dytta på, og det var noko som drog. Men alle årsaker og alle motivasjonar har ikkje vore like gyldige til alle tider â fleire av forfattarane kjem inn på utviklingstrekk som skil dei tidlegaste reisene frå dei i mellomalderen. Mellom anna kan det verke som om botsaspektet er viktigast i tidleg og høgmellomalder, men ikkje ein særleg motivasjonsfaktor i tidlegkristen tid eller mot slutten av seinmellomalderen. Men slike opplysningar er diverre for spreidde rundt i dei ulike tekstane og blir hengande litt i lause lufta, og det er her eg saknar historikaren eller eit historisk oversiktskapittel. Sjølv om denne boka fokuserer på gjenstandar og deira historier, trur eg desse historiene hadde vorte endå meir spennande om dei vart kontekstualiserte betre. Boka manglar den innramminga som gjer lesaren betre i stand til å setja det ho les inn i ein samanheng. Difor kunne eg ynskt meg eit mykje større innleiingskapittel â gjerne ved å ha integrert nokre av dei rammeforteljingskapitla eg nemnde over, slik at totalinntrykket hadde vorte mindre oppstykka.
I tillegg til ein strammare regi, hadde det òg hjelpt på heilskapsinntrykket med ein grundigare redaksjon. Ein del moment og poeng kjem opp att fleire gonger â til dømes historia om Egeria, kvinna frå det sørlege Gallia som reiste rundt i store delar av Midtausten i fleire år og oppsøkte stader og opplevde hendingar som er omtala i Bibelen, og deretter skreiv ei forteljing om reisa. Dét er ikkje så unaturleg â skal ein sjå på fleire sider ved pilegrimskulturen er det sjølvsagt at ein del sentrale omgrep og historier går igjen. Men dei treng ikkje forklarast like nøye kvar gong. Dessutan er det ein del unøyaktig rusk og direkte (pinlege) feil som redaksjonen må ta på si kappe. Til dømes var det altså ikkje Olav Tryggvason som døydde i slaget på Stiklestad! â og som gjorde at Tore Hund, ein av banemennene til Olav Haraldsson (den heilage), måtte reise til Jerusalem (side 12). Jerusalem heitte Jorsal og ikkje Jordsal (side 18). Håkon Magnusson si regjeringstid var frå 1343 (og ikkje 1340, det var då han vart fødd) â og sidan oldefar hans òg heitte det, kan det vera lurt å ta med ââ¬Âden 6.ââ¬Â, så me veit kven det er tale om (side 67). Og erkebisp Jons kristenrett var frå 1273/1277, ikkje 1519ââ¬Â¦ (note 150, side 134). Måten Diplomatarium Norvegicum blir referert på er ikkje konsekvent â sume stader er det sidetalet i dei ulike voluma som blir referert, andre stader er det sjølve diplomnummeret. Denne siste måten er den mest vanlege og absolutt å føretrekkje, sidan det kan vera fleire diplom på same sida. Dessutan â det er lenge sidan volum 22 kom i denne serien (1990), men litteraturlista i denne boka har berre med 1â21. Mi siste pirkeinnvending gjeld det visuelle. Boka er rikt illustrert med flotte bilete av dei gjenstandane som blir omtala, men bladbunaden kunne vore meir gjennomarbeidd. Kvifor ikkje la bilete fylle ut heile sida, ikkje berre nesten, slik at det blir kvite margar av ulik storleik på nesten kvar illustrasjonsside?
Hovudinntrykket er likevel at ved det mangfaldige og fleirfaglege maktar denne boka å levandegjera pilegrimar for oss! Ho gjer oss betre i stand til å følgje dei der dei er â med den flotte tittelen â på spor av Gud.

Fulltekst:

PDF

Innkommende lenker

  • Det er p.t. ingen innkommende lenker.


ISSN 2387-6735

Creative Commons-lisens

Innholdet på dette nettstedet er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal lisens.