TY - JOUR AU - Hope, Steffen PY - 2022/12/07 Y2 - 2024/03/29 TI - Alf Tore Hommedal, Åslaug Ommundsen og Alexander O’Hara (red.), "St. Sunniva – irsk dronning, norsk vernehelgen". JF - Collegium Medievale JA - CM VL - 35 IS - SE - Bokmeldinger DO - UR - https://ojs.novus.no/index.php/CM/article/view/2114 SP - AB - <p>Denne boka inneheld Sunniva-legenda i omsetjing, ein introduksjon, og tolv artiklar som dekkjer viktige aspekt ved Sunniva-kulten i mellomalderen og i moderne tid. Boka har oppstått som ein respons på den betydelege merksemda Sunniva-figuren har fått i seinare år, ein respons som kulminerte med Sunniva-festivalen i Bergen i 2020, og som i sin tur var ei markering av at det var 850 år sidan relikviane til Sunniva vart flytta frå Selja til Bergen. Festivalen tente også som ei god påminning om at mellomalderske helgenar framleis spelar viktige roller i det moderne samfunnet, til dømes som identitetsskapande figurar eller som historiske referansepunkt. Boka sitt føremål om å «formidle rikdomen i dette materialet» knytt til Sunniva-figuren gjennom tidene er derfor svært aktuelt (s. 48), og dette formidlingsføremålet vert oppnådd ved at artiklane set fokus på fleire viktige tema innanfor den historiske og samtidige Sunniva-kulten. Artiklane dekkjer også eit veldig breitt kronologisk spekter, frå 1000-talet til i dag, og det vert derfor mogeleg å få ei betre forståing for både brot og kontinuitet i Sunniva-figuren si historiske utvikling. At boka også er rikt illustrert og dessutan med norsk og engelsk tekst i alle artiklane gjer at innhaldet vert tilgjengeleg for eit publikum både i og utanfor akademia, noko som er eit stort demokratisk pluss.</p> ER -