@article{Heide_2011, place={Oslo, Norge}, title={Annette Lassen 2011: Odin på kristent pergament. En teksthistorisk studie}, volume={24}, url={https://ojs.novus.no/index.php/CM/article/view/61}, abstractNote={Utgangspunktet for denne boka er at kjeldene samanlagt gjev eit svært komplekst bile-­te av Odin. Derfor har Lassen gått gjennom Odin-framstellingane i alle dei norrøne mellomaldertekstane og Saxo, sjanger for sjanger og verk for verk, for å finne ein måte å forklare kompleksiteten på. Ho startar med forskingshistoria og kjem fram til at "de forskellige hypoteser om Odin gennem tiden fortæller mere om de skiftende paradigmer end om guden selv" (s. 75). Det vil ho ta konsekvensen av: "For at undgå metodisk eller fagligt givne tolkninger går jeg i denne studie ad fontes", seier ho, og undersøker Odin "i den kontekst, som han indgår i i de forskellige tekster" (s. 77). Målet er å forstå "den betydning Odin tillægges i kristen tid" (s. 78), altså å forstå høgmellomalderen sine skildringar av Odin, eller, meir presis, men tyngre forståeleg: å forstå Odin i den høgmellomalderlege tekstkulturen (klårast s. 80). Det er der vi må starte, også i gransking av mytologiske emne, seier Lassen, for kjeldene er skrivne i kristen tid, og då er dei "i en eller anden udstrækning ... bearbejdet af kristne forfattere, hvormed deres sandhedsværdi i forhold til den førkristne verden er begrænset. ... Overleveringen og den litterære bearbejdning af teksterne må derfor anses for ... grundlæggende ... i en undersøgelse af førkristne figurer og fortællinger" (s. 79). Samtidig seier Lassen at ho stoppar der; granskinga er "hverken oprindelsessøgende eller religionshistorisk" (s. 18, jf. 79-81, 391). Ho er visst ikkje negativ til religionshistorisk bruk av tekstane, men seier den sida av saka "kan … først komme i betragtning, når den tekstlige fremstilling er gransket" (s. 391). Ho meiner altså at vi, med granskingar som denne avhandlinga, skal begynne med å skrelle vekk den kristenlærde innblandinga frå tekstane, og fyrst etter det kan vi bruke tekstane som kjelder til den førkristne Odin.}, journal={Collegium Medievale}, author={Heide, Eldar}, year={2011}, month={nov.} }