Sigurd Jarlsson på flukt
PDF ()

Hvordan referere

Vikør, Lars S. 2009. «Sigurd Jarlsson På Flukt». Collegium Medievale 22 (november). Oslo, Norge. http://ojs.novus.no/index.php/CM/article/view/85.

Sammendrag

Ei vidkjend runeinnskrift frå norsk mellomalder er Sigurd Jarlssons frå Vinje kyrkje, der han som flyktning nærmast erklærer krig mot kong Sverre. Sigurd var son til jarlen Erling Skakke og høvding i to opprørsflokkar mot Sverre: øyskjeggane (1193-94) og baglarane (frå 1196). Den sentrale historiske kjelda til Sigurds liv er Sverresoga. Men der står det ingenting om at han nokon gong flykta til Telemark for Sverre. Moderne mellomalderforskarar har gjort fleire forsøk på å tidfeste innskrifta og passe ho inn i livssoga til Sigurd. Etter mi meining har ingen av dei lykkast i det. I denne artikkelen gjer eg, etter å ha gitt eit oversyn over Sigurds biografi og forskingshistoria på feltet, ein kritisk gjennomgang av desse dateringsforsøka og grunngir korfor eg ikkje finn dei plausible. Så set eg fram eit alternativt framlegg som eg trur unngår dei fallgruvene dei tidlegare forskarane har falle i.
PDF ()
Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.