Odd Einar Haugen (red.): Handbok i norrøn filologi
PDF

Hvordan referere

Nedrelid, Gudlaug. 2005. «Odd Einar Haugen (red.): Handbok I norrøn Filologi». Collegium Medievale 18 (november). Oslo, Norge. https://ojs.novus.no/index.php/CM/article/view/34.

Sammendrag

I fjor kom "Handbok i norrøn filologi" ut som nummer 157 i LNUs skriftserie. Ei handbok skal, etter ordboksdefinisjonen, gje "ei heilsleg utgreiing av det viktigaste i eit fag" (Nynorskordboka). Ho skal m.a.o. gje oss fagleg dekning, ryggstø og fotfeste. I so måte lever denne boki opp til definisjonen, på 512 velskrivne sidor står nesten alt eit opplyst og danna menneske treng å vita om emnet, i alle fall i fyrste omgang. Det som manglar, er litteraturhistorie og mytologi, står det i innleiingskapitlet, men der blir det vist til andre gode framstillingar (s. 23 f.), so den interesserte lesaren skal ikkje stå opprådd. Og når det gjeld eventuelle andre og påfylgjande omgangar, so er kvart kapittel omhugsamt forsynt med fyldige forslag til vidare lesing. Slik kan den som har legning for det, halda fram og lesa i stendig vidare sirklar, utvida horisonten og berika si ånd. Mange ser seg mun i mindre, og dei kan nøya seg med å lesa handboki. Det vil gjera dei velskodde og påkledde til å klara seg i faglege kastevindar og mørkjeskodd.
PDF
Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.