Klaus von See et.al. (red.): Kommentar zu den Liedern der Edda, bd 4, Heldenlieder
PDF

Hvordan referere

Mundal, Else. 2021. «Klaus Von See et.Al. (red.): Kommentar Zu Den Liedern Der Edda, Bd 4, Heldenlieder». Collegium Medievale 19 (mai). Oslo, Norge. https://ojs.novus.no/index.php/CM/article/view/1937.

Sammendrag

Kommentarbandet til Helge-dikta følgjer same mal som dei tidlegare banda. Fremst i bandet finst ei forkortingsliste. Deretter følgjer ein bibliografi som er inndelt i primærkjelder og sekundærkjelder. Primærkjeldene er igjen inndelte i norrøne og øvrige kjelder, og dei norrøne kjeldene er inndelte i Edda og Snorra-Edda (utgåver og omsetjingar) og andre norrøne primærkjelder. Bibliografien over sekundærlitteratur er omfattande og fyller s. 36 til s. 94. Det kan verke som arbeid av tyske forskarar er svært godt representerte i bibliografien, men det er for så vidt rimeleg i ein tyskspråkleg kommentar. Før gjennomgangen av Helge-dikta er dei bibliografiske opplysningane samla i ein kompakt bibliografi som er delt inn i ein allmenn del (a) med forkorta titlar, ein del (b) med fulle bibliografiske opplysningar over litteratur som behandlar Helge-dikta, og ein del (c), også med fulle bibliografiske opplysningar, med litteratur som behandlar resepsjonen eller bruken av Helge-dikta i nyare tid.

PDF
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2006 Else Mundal